Fribu

Vår visjon: Vi ynskjer å skape trygge møteplassar, der barn og ungdom har det bra og blir kjende med Jesus.

Last ned trusopplæringsplan

Friklubben, Lollipop og tweens

17.30-17.50: Borna vel om dei vil øve med Lollipop oppe i kyrkja eller drive med lego/ teikning nede i peisestoga

18.00 -19.00: Vi deler vi barnegruppa: 1.-4.kl blir i kyrkja og har samling med undervisning frå sundagsskulen, aktivitetar inne eller ute, utlodding og matbit. 5.-7.kl har samlinga si med andakt, aktivitet og matbit på frivilligsentralen dei gongene det ikkje er SLUSH-kurs.

Sjå kalenderen

Sundagsskule og Tårnagentar

Sundagsskulen i Frikyrkja samarbeider med sundagsskulen i Treungen bedehus. Vi har sundagsskule ca 4 gonger i semesteret samtidig med gudstenesta. Dei andre sundagane er det enten sundagsskule i Bedehuset eller familiegudsteneste i ei av kyrkjene.

Borna blir delt i to grupper: 0 – 1. kl. får undervisning med song og teikning.

Borna frå 2.kl. og oppover er tårnagentar. Her lærer vi om dagens tekst, har samtalar og ber sammen. Tårnagentene får eit oppdrag på kvar samling.

Sjå kalenderen

Speidaraktivitet

Speidaraktivitet har ulike spennande og lærerike aktivitetar ute, andakt og litt mat. Samlinga varer til vanleg frå 17.30 -19.30. Info blir sendt på Messenger før kvar samling, for å komme med i gruppa send ei melding til Tori F Tveit.

PS: Hugs gode klede og godt skotøy då vi stort sett har samlingane ute.

Sjå kalenderen

Kva er det neste som skjer?

Tweensleir på Fjelltun

9. juni @ 18:30 - 11. juni @ 15:00

Barneleir på Fjelltun

16. juni @ 16:30 - 17. juni @ 15:00

Sjå heile kalenderen