

Andakt på Mimrestoga
16. juli @ 11:30 - 12:30
Vi prøver å gjennomføre andakt på Mimrestoga ved Nissedal omsorgsenter kvar onsdag 11.30 gjennom sommaren. Dette er eit samarbeid mellom kyrkjene i kommunen og Bedehuset. Dersom vi ikkje får det til gir vi beskjed til personalet om at andakten er avlyst.
Det er kjende og kjære songar, andakt, truvedkjenning og Fader Vår.
Denne dagen er det frikyrkja som har ansvaret.
Velkommen til fellesskap!