Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

FriBU tur og aktivitet inviterer alle born som har lyst frå 4. og 5. kl på hyttetur med ei overnatting. Til vanleg er det 4.-7.kl som drar, men i år har vi delt opp i ein tur for 4.-5.kl og ein for 6. og 7.kl. sms er sendt til born vi har registrert i areidet vårt i Frikyrkja, men det er ein åpen tur, så det er bare å invitere med.

Info

Turen opp til hytta går frå toppen av hyttefeltet til Madsen (Øverlandsheia) og er på ca. 3 km. Når vi kjem fram til den fantastiske hytta utan straum, og med utedo 😉 skal vi kose oss masse! Det blir bading, fyr på peisen, grilling av pølser, fisking, kortspel, tomatsuppe og ord for natta.  Vi dreg ned igjen etter frukosten på laurdag.

Ta med:
– eit skift
– sovepose
– toalettsaker
– niste til frukost
– LITT snop som kan delas (20- 30 kr)
(- badetøy og fiskestong)
PS: Hugs at du skal bere sekken eit stykke

Pris: Du treng ikkje vere medlem i Friklubben eller speidaraktivitet for å bli med på hyttetur. Vi har laga ein egen klubb som heiter; FriBU- tur og aktivitet. Det kostar 50,- å bli medlem i denne klubben. Då får du turen gratis! Elles kostar turen 50,-
Vi håper flest mogleg vil bli medlemmer, då får vi økt økonomisk støtte til arbeidet vi driv.

Du kan betale på VIPPs 569596, eller på kontonr.2714 2015 507

Avreise frå Frikyrkja Fredag kl. 17.00. Vi er tilbake ca. kl. 11.30 på laurdag. Vi treng hjelp til køyring og henting.

Påmelding og beskjed om de kan hjelpe til med skyss til eller frå innan torsdag 26.aug kl.18.00 på SMS til Rut S Nielsen; 93468174

Helsing Rut, Inger og Per Øyvind