Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Vi kan ikkje samlast ennå, men denne dagen håper vi mange vil gå ei vandring og leve seg inn i takstane for dagen ute i det fri. Det blir spørsmål og oppfordring til refleksjon / samtale som passer både for unge og eldre. Skal du ha med born på vandringa så send beskjed om kor mange du har med, så vil de få litt info og kanskje litt hjelp til å finne noko som smakar godt 🙂

Påmelding for familiar med born til: 93468174 innan laurdag kl.18.00

Vandringa startar og avsluttast ved Frikyrkja. Dersom nokon, born eller vaksne, har lyst til å lage tablå eller pynte rundt frikyrkja med tema Påske hadde det vore så flott.

Frå Frikyrkja går ein ned til det gamle forkjøkkenet og fortsetter langs med Nisserstien. Ikkje kryss elva ved Leirosen, men følg  stien/skogsvegen opp mot hovedvegen, kryss vegen, ta til høgre så til venstre opp mot Solås, ta til høgre og høgre før ein går mot kyrkja igjen ved å ta «Gro-trappa» – Vi prøver å merke stien.

Ta med ein tusj  og gjerne med litt eigen kyrkjekaffe

 

Velkommen til vandring!

 

 

 

 

Velkommen til Gudsteneste!

 

Alle må vere med å bidra om samlingane i Treungen frikyrkje skal bli trygge og det viktigaste er:
1: Sjuke personar skal ikkje delta på kyrkjelege arrangement.
2: Alle må utøve god hygiene.
3. Alle må halde god avstand og det skal vere minst mogleg kontakt mellom personar.
4.Alle prøver å unngå unødvendig bruk og berøring av inventar og utstyr.
Både deltakarar og bidragsytarar skal ha låg terskel for å ikkje delta dersom dei er sjuke, har symptomer på luftvegsinfeksjonar(også milde) eller dersom dei er i karantene.
Vi håper alle har forståing dersom programmet på samlinga blir påverka av at nokon plutseleg må melde fråfall.

 

Det kan og hende vi må tenkje alternativ gjennomføring. Følg med på denne sida for oppdatert info.