Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Vi ønsker velkommen til utegudsteneste på Stemtjønn (Haugsjå)

Rut Stokstad Nielsen har andakt og vi har med oss Magnar Kleiven på trekkspel

Dette er eit vakkert område og for tida er badeturen her nydeleg, så vi håper på fellesskap både under gudstenesta og etter gudstenesta.

Ta med noko å sitte på og eigen kyrkjekaffi/mat og batetøy om du har lyst.

Det blir felles avreise frå Frikyrkja 10.30

Stemtjønn ligg på høgre side eit par km etter Haugsjå. Du får ein parkeringsplass på venstre side ned mot elva og ser ein bomveg opp til høgre. Dei som er gode til beins parkerer på parkeringa og går opp vegen.

 

Alle må vere med å bidra om samlingane i Treungen frikyrkje skal bli trygge og det viktigaste er:
1: Sjuke personar skal ikkje delta på kyrkjelege arrangement.
2: Alle må utøve god hygiene.
3. Alle må halde god avstand og det skal vere minst mogleg kontakt mellom personar.
4.Alle prøver å unngå unødvendig bruk og berøring av inventar og utstyr.
Både deltakarar og bidragsytarar skal ha låg terskel for å ikkje delta dersom dei er sjuke, har symptomer på luftvegsinfeksjonar(også milde) eller dersom dei er i karantene.
Vi håper alle har forståing dersom programmet på samlinga blir påverka av at nokon plutseleg må melde fråfall.

 

Det kan og hende vi må tenkje alternativ gjennomføring. Følg med på denne sida for oppdatert info.