Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Velkommen til Gudsteneste ute i det fri!

Tale:Rut Stokstad Nielsen

Trekkspel: Magnar Kleiven

Ta med noko å sitte på. Bli gjerne igjen etter gudstenesta for å prate litt, nyte eigen kaffemat og ta eit bad om du ynskjer.

 

Frå kl.10.00 vil det henge oppe postar med tekst og spørsmål til ettertanke, om du ynskjer å lese sundagens tekstar i dette vakre området, på vegen mellom Treungen og Nissedal.

Parkering på oversida av vegen, eller kom med båt.

                                        

.

Vi har endra dato frå 16.08 til 09.08 sidan denne datoen ikkje passa for mange av dei som skulle delta.

 

 

 

Alle må vere med å bidra om samlingane i Treungen frikyrkje skal bli trygge og det viktigaste er:
1: Sjuke personar skal ikkje delta på kyrkjelege arrangement.
2: Alle må utøve god hygiene.
3. Alle må halde god avstand og det skal vere minst mogleg kontakt mellom personar.
4.Alle prøver å unngå unødvendig bruk og berøring av inventar og utstyr.
Både deltakarar og bidragsytarar skal ha låg terskel for å ikkje delta dersom dei er sjuke, har symptomer på luftvegsinfeksjonar(også milde) eller dersom dei er i karantene.
Vi håper alle har forståing dersom programmet på samlinga blir påverka av at nokon plutseleg må melde fråfall.

Det kan og hende vi må tenkje alternativ gjennomføring. Følg med på denne sida for oppdatert info.