Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Velkommen til gudsteneste, sundagsskule og tårnagentar!

Borna under skulealder saman med ein vaksen invitarast til samling i peisestoga og born frå 1.-4.kl har tårnagentsamlinga si på frivilligsentralen.

Påmelding innan laurdag kl 18.00 til 93468174

 

Viktig for oss med påmelding innan laurdag kl.18.00 i forhold til organisering i desse tider og slik at vi kan gi beskjed til borna om dei møter direkt på sundagsskulen/ tårnagentar eller om vi startar saman i kyrkjerommet.

 

Velkommen til fellesskap!

 

 

Alle må vere med å bidra om samlingane i Treungen frikyrkje skal bli trygge og det viktigaste er:
1: Sjuke personar skal ikkje delta på kyrkjelege arrangement.
2: Alle må utøve god hygiene.
3. Alle må halde god avstand og det skal vere minst mogleg kontakt mellom personar.
4.Alle prøver å unngå unødvendig bruk og berøring av inventar og utstyr.
Både deltakarar og bidragsytarar skal ha låg terskel for å ikkje delta dersom dei er sjuke, har symptomer på luftvegsinfeksjonar(også milde) eller dersom dei er i karantene.
Vi håper alle har forståing dersom programmet på samlinga blir påverka av at nokon plutseleg må melde fråfall.

Myndighetane anbefaler å ikkje oppsøke forsamlingar utanfor heimkomunen.

Vi ynskjer påsketuristar og folk som er heime på besøk i påska hjarteleg velkomne neste påske.

 

Det kan og hende vi må tenkje alternativ gjennomføring. Følg med på denne sida for oppdatert info.