Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Vi er ein fin gjeng som drar på hausttur i år og vi gleder oss 🙂

 

Innsjekking frå kl.11.00 på laurdag

Vi starter opp med felles saming kl.11.30 på laurdag, så lunsj før vi drar på ein liten heitur med spikking av barkebåtar. Når vi kjem tilbake blir det utlodding til sykkelprosjektet i Mali, Det blir fellessamling, bingo, blunkeleiken og masse kos utover kvelden.

På sundag blir det felles gudsteneste med nattverd kl.11.00. Vi håper mange frå bygda kjem oppom. Vi avsluttar med kyrkjekaffi.

 

Det går ann å sove heime eller vi kan samordne oss slik at nokon foreldre blir igjen for å over natte med fleire born.

Pris:
pr. vaksen med overnatting kr. 400,-
pr. vaksen utan overnatting kr. 200,-
pr. barn over 5 år med overnatting kr. 200,-
pr. barn over 5 år utan overnatting kr. 100,-
Born under 5 år gratis.
Betaling til sundagsskulen i bedehuset sin konto: 2714.10.14388
Ta med sovepose/sengetøy(dyne og pute) Håndklær, regntøy. Tursekk, termos og drikkeflasker og litt kos til turen.  Laurdagsgodt som kan delast på kvelden. Spikkekniv og hodelykt/lommelykt

 

Treng du økonomisk støtte til turen. Send ein mail til rut.nielsen@frikirken.no

 

Helsing leiarane i sundagsskulen på Bedehuset og i Frikyrkja