Laster Hendelser

Denne sundagen flytter vi gudstenesta ut og vi inviterer små og store til kveldssafari. Inspirert av BGF sin nattsafari og dei unges eige initativ på Hallo venn sist haust planlegg vi nå ein eigen safari. Foreldre og born og andre som kjem på safarien går altså ei løype i skogen der du møter på ulike skodespelarar som saman fortel bibelhistoria om Ester.

Vi trur dette kjem til å bli veldig gøy og spennande. Vi har mange dyktige skodespelarar i arbeidet vårt og vi kjem til å samle dei klassevis for å øve på sine delar.

Vi håper mange kjem på nattsafari klare for spenning, visdom og moro!

 

Alle må vere med å bidra om FriBU- samlingane skal bli trygge og det viktigaste er:
1: Sjuke personar skal ikkje delta
2: Alle må hugse på god hand og hoste-hygiene.
3. Meters regelen gjeld fortsatt for alle vaksne både foreldre og leiarar
4.Alle prøver å unngå unødvendig bruk og berøring av inventar og utstyr.

Både deltakarar og laiarar skal ha låg terskel for å ikkje delta dersom dei er sjuke, har symptomer på luftvegsinfeksjonar(også milde)

Vi håper alle har forståing dersom programmet på samlinga blir påverka av at nokon plutseleg må melde fråfall.

Det kan og hende vi må tenkje alternativ gjennomføring. Følg med på denne sida for oppdatert info.