Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Kyrkjelydsmøte tysdag 13.juni.  kl.18.00

 Sakliste

Sak 7/23: Godkjenning av innkalling og sakliste

Sak 8/ 23: Val av møteleiar og sekretær

Sak 9/ 23: Sak til synoden 2024 i forhold til likekjønna samliv

Rut orienterer om samtalar ho har hatt etter sist møte i forhold til denne saka.

Oppklaring i korleis ein kan melde saker til kyrkjelydsmøtet.

Sist kyrkjelydsmøte starta vi samtalen rundt denne tematikken. Nå har vi fått litt meire tid på oss og vi håper at vi kan fortsette samtalen lyttande og med respekt for kvarandre. Eldsteråd ynskjer å fremme denne saka til synoden 2024.

Forslag til vedtak:

Vi er urolege for situasjonen Frikyrkja står overfor i saka om likekjønna samliv. Vi ser at spørsmålet kan splitte kyrkjelydar og kyrkjesamfunnet vårt. Vi trur at mange, uavhengig av ståstad i sak, ønskjer å unngå ei slik splitting. Så langt vi kan sjå, treng ikkje spørsmålet om likekjønna samliv å reknast som eit kyrkjesplittande vedkjenningsspørsmål. Vi ber synoden fatte følgande vedtak:

Synoden ser ikkje på spørsmålet om likekjønna samliv som eit vedkjenningsspørsmål. 

Sak 10/23: Program for sommar og haust

Kven ynskjer å bidra i desse samanhengane?

  • I år er det vår tur til å arrangere sanktHans.
  • Vaffeltelt på fredag 4.aug
  • Besøk av synodeformann 24. sep
  • Middag i heimane.  

Sak 11/23: Referat-  og drøftingssaker

  • Kort rapport frå verkegreiner i kyrkjelyden
  • Orientering frå diakonane
  • Dugnad med lift.
  • Blomsterpotta på utsida
  • Jolemessekomitè
  • Sommarleirane på Fjelltun
  • Læringsnettverk i FriBU

               Eventuelt

Vel møtt!

Rut Stokstad Nielsen