Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Dette blir eit annerledes kyrkjelydsmøte. Vi kjem til å vere oppe i kyrkjesalen. Vi har jobba godt i kyrkjelydsråd med korleis vi på best mogleg måte skal ivareta smittevern hos oss. Vi kjem til å gjennomføre tiltaka på kyrkjelydsmøtet slik at det er trygt for alle å komme. Det er og veldig forståeleg at nokon vel å ikkje komme. Ta kontakt med pastor om du ynskjer å vere med på tlf under møtet eller ta ein prat i forkant av møtet om du har synspunkt på nokon av sakene. (tlf: 93468174) Det blir ikkje noko servering av mat eller drikke. Det er lenge sidan vi har delt nattverd saman, difor har vi lagt opp til ei nattverdsamling i byrjinga av møtet. Her kan vi og dele med kvarandre om vi har noko på hjartet.

Alle må vere med å bidra om samlingane i Treungen frikyrkje skal bli trygge og det viktigaste er:
1: Sjuke personar skal ikkje delta på kyrkjelege arrangement.
2: Alle må utøve god hygiene.
3. Alle må halde god avstand og det skal vere minst mogleg kontakt mellom personar.
4.Alle prøver å unngå unødvendig bruk og berøring av inventar og utstyr.

Både deltakarar og bidragsytarar skal ha låg terskel for å ikkje delta dersom dei er sjuke, har symptomer på luftvegsinfeksjonar(også milde) eller dersom dei er i karantene.

Vi håper alle har forståing dersom programmet på samlinga blir påverka av at nokon plutseleg må melde fråfall.

Det er utarbeida smittevernveileder for Kirkelige handlinger. Følg linkane under om du vil lese dei eller Frikyrkja sentralt sine råd i forhold til arbeidet med smittevern.
🔗 Gå til rådene fra Frikirkens kriseteam
🔗 Gå til smittevernveileder for gudstjenester og kirkelige handlinger

Kyrkjelydsmøtet er opne for alle, men det er kun medlemmar med stemmerett som kan stemme.

Dersom du ikkje er på kyrkjelydens mailliste og  ynskjer sakliste tilsend. Send ein mail til rut.nielsen@frikirken.no

Velkommen til fellesskap!