Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Velkommen til gudsteneste første sundag i advent.

Vi skal tenne det fyrste ljoset i adventsstaken og det blir solosong

Denne sundagen setter vi fokus på misjon og på Guds kjærleik til alle menneske.

Kollekten denne dagen går til frikyrkjas joleaksjon. Flyktningar i Mali. Du får sjans til å gi pengar på gudstenesta, men alle blir og oppfordra til å vere med å gi på ulike vis igjennom adventstida. Håper store og små vil vere med på aksjonen!

Andakt ved Rut Stokstad Nielsen

PS: Påmelding til Rut Stokstad Nielsen innan laurdag kl.18.00 93468174

 

Alle må vere med å bidra om samlingane i Treungen frikyrkje skal bli trygge og det viktigaste er:
1: Sjuke personar skal ikkje delta på kyrkjelege arrangement.
2: Alle må utøve god hygiene.
3. Alle må halde god avstand og det skal vere minst mogleg kontakt mellom personar.
4.Alle prøver å unngå unødvendig bruk og berøring av inventar og utstyr.
Både deltakarar og bidragsytarar skal ha låg terskel for å ikkje delta dersom dei er sjuke, har symptomer på luftvegsinfeksjonar(også milde) eller dersom dei er i karantene.
Vi håper alle har forståing dersom programmet på samlinga blir påverka av at nokon plutseleg må melde fråfall.

Det kan og hende vi må tenkje alternativ gjennomføring. Følg med på denne sida for oppdatert info.