Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Vi i FriBU tur og aktivitet har gått til innkjøp av 4 boger, piler og to blinkar og har lyst til å få testa ut desse litt før det blir for kaldt!

Vi møtast på idrettsbanen kl.15.30 og går til gapahuken, her vil halve gruppa grille pølser og smars,  (Ritzkjeks, marsmellows og sjokolade) mens den andre gruppa får skyte med pil og boge, så bytter vi. Kanskje blir det også eventyrforteljing i lavoen dersom vi har tid.

Alle må ha med eigen drikke, varme klede og sitteunderlag.

Turen er for alle som har lyst frå 4.kl-7.kl

Påmelding til 93468174 innan laurdag kl.18.00

Pris 50,-

Dei som ynskjer å bli medlem i FriBU tur og aktivitet kan bli medlem, det kostar 50 kr, og då er turen gratis.

Du betalar med å overføre til konto nr. 2714 2015 507

Eller VIPPS  569596

Vil du bli medlem merk betalinga med: FriBU t og a, barnets namn, medlem

Vil du ikkje bli medlem merk betalinga men  FriBU t og a barnets namn, tur

 

FriBU tur og aktivitet er eit eige lag som arrangerer tur til Godthol for 4.-7.kl kvar haust. Laget var med på oppstart av Tveitsund minimarknad og som i fleire år har gitt støtte deltakarar som ynskjer å dra på leir, men som synes det er for dyrt.

Vi i FriBU – tur og aktivitet er lei oss for at vi ikkje fekk arragert Godthol-turen som vi pleier å ha for 4.-7 kl. kvar haust, men vi håper veldig på å få til ein tur i løpet av vårsemesteret.

 

Alle må vere med å bidra om samlingane i regi av FriBU, Treungen frikyrkje skal bli trygge og det viktigaste er:
1: Sjuke personar skal ikkje delta på arrangement.
2: Alle må utøve god hand og hoste hygiene.
3. Det må vere god avstand mellom vaksne og borna i gruppa.

Både deltakarar og leiarar skal ha låg terskel for å ikkje delta dersom dei er sjuke, har symptomer på luftvegsinfeksjonar(også milde) eller dersom dei er i karantene.
Vi håper alle har forståing dersom programmet på samlinga blir påverka av at nokon plutseleg må melde fråfall.

Det kan og hende vi må tenkje alternativ gjennomføring. Følg med på denne sida for oppdatert info.