Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Det blir oppmøte ved Frikyrkja 16.30 for å rekke turen før det blir for seint. Regner med å vere tilbake ca 20.30.

Det blir mørkt på heimtur, så hugs hodelykt. Varme klede og godt fottøy er også viktig, det er eindel vått i stien.

Vi skal grille hamburgarar og leike når vi kjem fram til hytta. Hugs også kopp og skjerf!

Vi håper mange har lyst til å vere med, det brukar å vere ein stemningsfull og koseleg tur!

Påmelding innan laurdag 17.10 kl 16.00 p.g.a handling.

Vi trur vi får plass til dei fleste  i bilane til oss leiarar. Men ta gjerne kontakt om du vil bidra med køyring.

Er du interessert i informasjon om speidaraktivitet så ta kontak på tlf 90575537

 

Alle må vere med å bidra om samlingane i regi av FriBU, Treungen frikyrkje skal bli trygge og det viktigaste er:
1: Sjuke personar skal ikkje delta på arrangement.
2: Alle må utøve god hand og hoste hygiene.
3. Det må vere god avstand mellom vaksne og borna i gruppa.

Både deltakarar og leiarar skal ha låg terskel for å ikkje delta dersom dei er sjuke, har symptomer på luftvegsinfeksjonar(også milde) eller dersom dei er i karantene.
Vi håper alle har forståing dersom programmet på samlinga blir påverka av at nokon plutseleg må melde fråfall.

Det kan og hende vi må tenkje alternativ gjennomføring. Følg med på denne sida for oppdatert info.