Etter gudstenesta inviterte diakonrådet små og store på tur til Åkrokane. Nokre gjekk langs Nisserstien, og andre køyrde bil. På stranda var det stelt i stand bål og sitteplassar. Etter kvart blei det kaffi kokt på bålet med bursdagskake attåt. Sola skein og det var ein kald ogvakker haustdag .

Vi kjem til å leggje opp til slike fellesturar ein gong på hausten og ein gong på våren. Målet er at det skal vere eit fellesskapsbyggjande tiltak.

Tusen takk for turen til alle som blei med!