Familiegudsteneste på 130 årsdagen vår.

Etter ei fantastisk jolemesse var det klart for å feire litt på familiegudstensta. Ein av ungdommane våre hadde laga ein flott film med både gamle og nye bilete og vi som såg på fekk eit flott innblikk i ulike delar av Frikyrkjas arbeid både frå gamle tider og i dag. Før Filmen blei vist song barnekoret «Lollipop» Give your love to people around you! Som kyrkjelyd har vi i desse 130 åra ønskja å gi vidare av den kjærleiken vi har fått av Gud til menneske rundt oss – og det ønsker vi å fortsette med!