Vi avlyser alle gudstenester og aktivitetar dei neste to vekene, i første omgang fram til 26.mars.  Vi ynskjer å vere lojale og gjere vår del for at dei strenge restriksjonane skal ha god effekt, slik at dei som blir ramma av korona skal kunne få pleie og behandling.

Vi har jo snakka ein del om faste og denne fastetida kjem til å bli veldig spesiell for oss alle. Nå har vi kanskje ikkje akkurat tatt et val om å avstå frå alt det vi må holde oss borte frå nå, men vi kan likevel ta eit val om kva vi vil fylle denne tida med.

Eg vil oppfordre til faste-challengen vår om å lese Jesaja 40-66.

Eg er i kapittel 46 i dag. Her er jo dei fantastiske versa frå.3-5. om Han, vår Gud, som alltid er den same:  som lyfter, bær og bergar. I dag var det dei siste versa i kapittelet eg stoppa opp med og som eg synes var veldig fine:

v.12-13 «Høyr på meg, de motlause hjarte, de som er langt frå rettferd! Eg let mi rettferd koma nær, ho er ikkje langt borte, mi rettferd er ikkje for sein.  Eg gjev frelse på Sion, til Israel gjev eg min herlegdom.

 

Meir info kjem når eldsterådet har hatt møte

Rut S Nielsen