I går opna regjeringa litt opp for arrangement med opp til 50 personar og det gjer det mogleg for kyrkjelydar å samlast igjen. Eg er glad for desse beskjedane og kjenner at eg gleder meg til fellesskap med små og store, til å vere saman om ordet, synge lovsongar og til å dele nattverden. Samtidig er det mange ting som er usikkert og det er så  viktig at dette blir så trygt som råd. Eg har kopiert opp beskjeden vi tilsette fekk 30.april frå frikyrkja sentralt. Vi i eldsteråd har avtalt eit møte tysdag 5.mai – Vi sender ut meir info til dykk etter dette.

«På Regjeringens pressekonferanse i ettermiddag ble det åpnet for arrangementer med opptil 50 personer fra 7. mai, under visse forutsetninger. Frikirkens kriseteam anbefaler menighetene å vente med å starte opp aktiviteter til smittevernveilederne for hhv. gudstjeneste/kirkelige handlinger og aktiviteter for barn og unge er klare. Dette er viktig for å sikre en trygg og god oppstart. Dessuten ruster det oss bedre for en evt. åpning for aktiviteter med inntil 200 personer fra 15. juni»

I dag er det 1.mai og tema for tekstane er nestekjærleik. I denne tida, der eg har følt på at eg har fått gjort lite for menneske rundt meg, er det ei setning som eg har minna meg sjølv på og som eg vil minne dykk om i dag – ei setning eg lånte frå pastoren i Krafteverket i haust. «Små gjerningar gjort i kjærleik endrar verda.» Eg har og tenkt ein del på dette med å sitte på Guds fang og bare vere, nå som mykje av det vi har holdt på med har blitt tatt frå oss. I går var eg inne å såg på ein andakt og temaet var «bærekraft.» Eg merka meg ordet på ein anna måte enn eg har gjort tidlegare. Den krafta vi har fordi vi blir borne. Den har ingenting med vår styrke å gjere, men alt med hans! Han som vann over døden og som er vårt håp. Så eg vil minne om dette verset eg har nemnt så mange gonger før

Jes 46 3-4
Høyr på meg, du Jakobs hus,
alt som er att av Israels hus,
de som vart lyfte opp heilt frå fødselen,
og som vart borne heilt frå mors liv:

Eg er Han, heilt til de blir gamle,
eg vil bera heilt til håret er grått.
Eg har alt gjort det.
Eg lyfter, eg ber og bergar.

 

Då ynskjer eg dykk ei velsigna god 1.mai helg.