I dag er det bibeldagen og sundagens tekst er henta frå Markus 4. 26-34 og bibelselskapet har lagt ut ein veldig bra vidaoandakt til teksten.

 Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda.Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til.  Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset. Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.»  Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda.  Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»
Med mange slike likningar tala han ordet til dei, så mykje dei var i stand til å høyra.
Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, forklara han alt for dei.

For meir info gå inn på : https://bibel.no/bibelgaven/bibeldagen/om-bibeldagen

Vi blir og oppfordra til å vere med å gi biblar denne dagen:

Dei siste 20 åra har alle kyrker på Cuba vore i sterk vekst. Vekkelsen pågår framleis. For nokon år sidan hjalp norske menigheter til med å skaffe ein million biblar til Cuba, til stor glede for kubanske kristne. Men, kirkene har fortsatt å vokse. Nå er det igjen stort behov for biblar!

I år er målet å gi 5000 korger med biblar. I ei korg er det ein barnebibel og ungdomsbibel til dei yngste i familien, ein bibel med stor skrift til besteforeldre og ein vanlig bibel til foreldrene.

Ei korg med biblar koster kr 266,-.

 

Vi blir og oppfordra til å vere med å be:

Bøn

  1. Lat oss be for søskena våre i vest

Trufaste Gud, takk for at «Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst». Takk for alle dei nye kristne på Cuba. Vi bed om at dei finn gode fellesskap, og at alle blir grunnfesta i deg og i ditt Ord. Lat alle som ønskjer seg ein bibel, få ein. Vi takkar deg for at vi kan få gi til dette arbeidet i dag og bed for alle som får ei korg med biblar. Velsign dei som arbeider for å spreie biblar på Cuba, og for alle som forkynner Ordet ditt. Gi dei tolmod og ny kraft. Gud, lat ditt Ord ha framgang på Cuba.

 

  1. Lat oss be for søskena våre i øst.

Nådige Gud, takk for at Ordet ditt verkar i alle som høyrer og les det. Takk for alle biblane som blir trykte i Nanjing i Kina, og takk for at vi får vere med og bidra til innkjøpet av bibelpapir. Lat dei som får desse biblane finna deg og oppleva din kjærleik. I dag bed vi for alle som forkynner Ordet ditt i desse områda. Vi bed om at dei kan få det studiemateriellet og dei biblane dei trenger, og om at du bevarer dei og beskyttar dei mot alle farar. Gud, lat ditt Ord ha framgang I Kina.

 

  1. Lat oss be for søskena våre i sør.

Miskunnsame Gud, takk for at det Ordet som er sådd i sør, veks og ber frukt. Takk for alle som har møtt Ordet ditt gjennom dei mange bibelomsettingane til afrikanske språk. Gi bibelomsetjarane det tolmodet dei treng i dette viktige arbeidet, og lat dei få gode medarbeidarar. I dag bed vi òg for dei tusenvis av barn og unge i desse områda som opplever krig eller er på flukt. Lat dei møte miskunn. Og vi bed for alle som er villige til å hjelpa til. Gjer dei uthaldande og sterke, og gi dei vilje til å halda fram i dette viktige arbeidet. Gud, lat ditt Ord ha framgang i Afrika.

 

  1. Lat oss be for oss her i nord, og for oss sjølve.

Tolmodige Gud, takk for at det som er smått i våre augo, kan vekse og bli større enn alt anna. Takk for at vi har Bibelen på eit språk vi forstår. Takk for alle som har gitt oss ditt Ord og vist oss kva det betyr å tru på deg. Skap lengsel i vårt folk etter deg, og hjelp oss til å delta i så-arbeidet på den plassen du har sett den enkelte av oss. Styrk oss, så vi ikkje mister trua på at Ordet ditt vil spire, også der vi synest det ser håplaust ut. I dag tenkjer vi òg på alle medarbeidarane i bibelselskapa rundt om i verda. Vi bed om at uro og angst for framtida ikkje får ta motet frå oss. Minn oss om alle løfta du har gitt, og løft blikket vårt til deg. Gud, lat ditt Ord ha framgang mellom oss.