Det er veldig usikkert om vi kan arrangere sommarleirar i år, men vi er ei leiargruppe som er klar dersom det er lov til å samle born og det føltes trygt. Vi har booka Fjelltun desse datoane:

Tweensleir frå fredag 18.juni -sundag 20.juni

For born som er ferdig med 4.kl – ferdig med 7.kl

Borneleir frå torsdag 24.juni – laurdag 26.juni

For born som er ferdig med 1.kl – ferdig med 4.kl

Det vil sei at dei som går i 4.kl kan velge kva leir dei vil på.

 

Vi håper foreldre merker seg datoane i tilfelle det blir leir og følger med her på denne sida for meir info når det nærmar seg: