Det har kome sterke oppmodingar frå sentralt hald om å ikkje arrangere m. a. gudstenester/ samlingar i påska grunna frykt for spreiing av mutert Covid-19. Tilrådinga gjeld i fyrste omgang frå 25.03. til 12.04.

Vi landa i eldsteråd på at planlagde arrangement i ovannemnde periode vert avlyst. Eldsterådet vil oppmode kyrkjelyden til å ta inn påskebodskapen gjennom radio/tv. Vi vil gi tips/ informasjon om anna påskestoff som vil vere tilgjengeleg på sms og på heimesida. Det kan bli aktuelt med «vandregudsteneste» på sundagen etter påske.

Eldsterådet er takksame for Påskevandringa som vart arrangert sist sundag, med 15 unge skodespelarar og over 60 vandrarar/tilskodarar