Alfa-gruppe hos pastoren.

Vi starter opp med middag 6.okt kl 16.30 i Landvik 21 – Her får dei som kjem god mat og ei innføring i kva Alfa er og kva som er planlagt. Her melder ein seg på kurset om ein vil og kan komme med innspel til tidspunkt.

Opplegget består av 11 samlingar,  som vi vil gjennomføre i løpet av skuleåret. På ei samling blir det først litt tid til prat og ein te-kopp (20 min) så er det ein undervisningsfilm (25 min) før vi har ein halv time samtale. Vi trur dette er eit bra opplegg for dei som ønskjer å lære meir om bibelen og den kristne trua. Det er og rom for samtalar om tru og tvil og dei store spørsmåla i livet dersom gruppa ynskjer det.

Påmelding til alfamiddag innan 4.okt til Rut S Nielsen: 93468174

 

Husfellesskap

Vi starter opp med ei husgruppe i haust og målet er å vokse slik at vi etter kvart må delsast, så vi ynskjer ulike generasjonar og kjønn hjarteleg velkommen. Vi legg opp til å møtast to sundagar i månaden frå 19.00-21.00.  Vi drikk te, pratar, ber og har samtale rundt ein evangelietekst.

For informasjon og påmelding ta kontakt med Lena Haugsjå på:  90685202