Så blei også denne jolehøgtida full av usikkerhet og ulike begrensingar. Vi måtta avlyse jolemessa, men vi ynskjer å takke alle som bidrog på så mange ulike vis med gevinstar, dugnad, bakedagar og ikkje minst alle som har handla og kjøpt lodd. Vi fekk inn over 80 000,- til misjon og kyrkjelyd og vi er så takknemlege. Vi håper at neste jol blir meir som før i tida. Då vi kunne fylle kyrkja med folk, nyte heimelaga mat, prat rundt borda, møter , handle fine varer og ta lodd.

Program i jola:

Vi håper på å gjennomføre ei gudsteneste på joleftan der vi følger alle smittevernsreglar. Vi legg og ut årets joleforteljing på facebook og her. I år har eg prøvd å leve meg inn i korleis det var for Josef når dette underet skulle skje, Martin Tarraldsen har komponert vakker musikk til forteljinga og Jermansen har filma.

Vi har valgt å utsette gudstenesta som vi skulle ha 2.januar til 16.januar i håp om at situasjonen er litt meir oversikteleg. Men ynskjer du fellesskap i kyrkja inviterer vi til åpen husgruppe 2.januar. kl.18.00. Lurer du litt på kva dette med husgruppe er er dette ein veldig fin mogleghet til å finne ut av det utan å forplikte deg på noko vis.

 

Tankar for jola

Håper for meg sjøl og for HEILE folket at vi kan ta til oss det jola eigentleg handler om. Det englane helsa gjetarane med denne fyrste jolenatta for over 2000 år sidan

«Ver ikkje redde! Sjå eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det føss dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias Herren.»

Lukas 2.10-11

Vi ynskjer at underet må gå opp for oss: At den gleda som kom til verda og til menneska gjennom Jesusbarnet, kjem til oss, der vi er og slik livet er. Han blei født der dyra hold til og gjetarane, som var lågast på rangstigen, var dei fyrste som fekk møte han. Han vil også møte oss uansett!

Vi veit at jolehøgtida opplevest ulikt. Nokon gleder seg og andre gruar seg. Treng du ein prat i høgtida send ein sms til 93468174, så avtaler vi ei tid

 

Rut Stokstad Nielsen – pastor i Treungen frikyrkje